Over 200 bidro til julestemning på Kystmuseet

Oppmøtet var fantastisk på Kystmuseets årlege Juleverkstad laurdag 24.11. Både små og store møtte opp og nøyt julestemninga med familie og venner. 

Det var lagt opp til aktivitetar for enhver smak. I smia var det trearbeid med pynt av julenissar og juletre, og i kafeen var det pynting av peparkaker og julekort. 

Kafeen fyldes av herlege juletonar frå Barnekoret Lyskastaren, og i auditoriet spilte Øygarden Skulekorps jula inn med slagerar som Glade jul. Naustnissen tok også turen, og nissa til seg litt julegraut. 

Eit av dagens mest stemningsfulle augeblikk var tenninga av julegrana. 

No er endeleg den fine førjulstida her!