Offisiell opning av Kystsogevekene 2014

Laurdag 9.august kl 13-17 er det opning av Kystsogevekene på Kystmuseet. Offisielt opningsprogram i amfiet kl. 14.

Laurdag 9.august er det open dag på museet kl 13-17. Her blir det aktivitetar for store og små. Det er på kaien ting skjer med rebusløype og Kims lek, turar til visningssenteret for laks,og guida tur i veteranbuss til Herdlevær. Det blir høve til å lære seg det gamle spelet Kakkjerring kor du må vere både rask og observant på ein og samme gong. Dale Oen Experience kjem med kajakkar, så her kan dei som har lyst få prøve seg.

Marknadsboder og kafe vert det og. Den offisielle opninga tar til kl. 14 i amfiet, her vert det taler og kulturinnslag.

Ta med deg heile familien og bruk dagen i lag med oss, velkomen skal du vere!