Filmfestival på Kystmuseet

I samarbeid med BIFF - Bergen internasjonale filmfestival, vert det sundag 21.september framsyning av to filmar på Kystmuseet. Det er filmane "No Words for Worry" og "Havets sølv" som står på plakaten.

"No Words for Worry" handlar om spyddykkaren Hook, som tilhøyrer folkegruppa Mokene. Dette folket står foran ei brytningstid fordi  myndigheitene har sett strenge  restriksjonar på felling av trær, får dei ikkje lengre byggje sine tradisjonelle kabangbåtar. Følgjene er at eit folk som er uvande med det moderne samfunn må søkje til byane for å få arbeid.

"Havets sølv"viser eit av verdas største og underlegaste naturfenomen - og det tar plass rett utenfor norskekysten. Dette er ein storslått norsk film om gigantiske sildestimar, ein skjør kyst og havdjupets fantastiske drama.

Fimane vert også vist onsdag 17. og torsdag 18.september som skoleframsyning. For info kontakt: vigleik@museumvest.no

"Havets sølv" visast kl. 12.30

"No Words for Worry" visast kl. 14.30

Pris: 60kr