Uverfestival

På Kystmuseet i Øygarden kan du i september nyta spanande artistar på to konsertar. I høve 50-årsjubileet til  Øygarden kommune, blir Uverfestivalen lansert.
 Her kan du lytte til Ole Paus og Elisabeth Andreassen, Rune Larsen, Vinnie, Storm Weather Shanty Choir og fleire lokale aktørar.

Konsert: ALLSANG PÅ KAIEN  Tid:Fredag 5. september kl. 19.00 - 21.00 Bill. Vaksne kr. 375,- / Born kr. 170,- Artistar: Elisabeth Andreassen , Rune Larsen, The Licksom Chicks og lokale aktørar som Øygarden Gospelteens.  

Konsert: FULL STORM KONSERT  Tid: Laurdag 6. september kl. 19.30 - 22.30 Bill. Vaksne kr. 530,- (aldersgrense 18 år) Artistar: Ole Paus, Vinnie, Storm Weather Shanty Choir og fleire lokale aktørar, som Freddy Caused Pain.   Pass til heile Uverfestivalen ( fredag og laurdag) kr. 735,-  

Velkomen til gode kulturopplevingar på Kystmuseet i samband med Øygarden kommune si 50-årsfeiring. Her vil du og få høyra lokale talent frå Øygarden.  Gå ikkje glipp av spanande  aktivitetsdag for familien på dagtid,  laurdag 6. september   Kjøp billettar på:  Kystmuseet -  tlf. 56 38 50 50  Biblioteket på Rong senter - tlf. 56 38 22 20  Servicetorget i rådhuset på Rong-  tlf. 56 38 20 00  Billettservice tlf. 815 33 133 / www.billettservice.no   I tillegg selger butikkane Bricks og Life, på Rong Senter, billetter til Uverfestivalen.