Konsert med Nordic Tenors

An evening with Nordic Tenors!
Opplev ein herleg seinsommarkveld på Kystmuseet i lag med Nordic Tenors. Vi kan lova ei sprudlande framsyning der du får servert klassiske perler, store musikalske augneblink og mykje humor.

Desse muntre tenorane har vunne Komiprisen, vore kongelege toastmastere, dei har opna den nye operaen i Oslo og vunne publikums hjarte over heile landet. No kjem dei til Kystmuseet med eit show spekka med musikalske høgdepunkt og stor variasjon. Så ta turen og opplev ein herleg kveld på Kystmuseet i lag med Nordic Tenors.

Nordic Tenors er: Roald Haarr, Sveinung Hølmebakk og Jan-Tore Saltnes.

Billettar kjøpar du her: www.billettservice.no/event/nordic-tenors-billetter/468177