Kulturdag for heile familien

Bli med på ein kjekk dag med vikingane i sentrum. Her blir det aktivitetar for liten og stor. Urpremiere på framsyninga "Nidstanga på Herdlevær - eit skråblikk på vikingtida i Øygarden"

Vi innbyr til ein kjekk dag for heile familien på Kystmuseet. Det vert ulike aktivitetar, og open smie. Klokka 15 vert det premiere på stykket om Nidstanga på Herdlevær, kor lokale teaterkreftar gjev oss eit skråblikk på vikingtida i Øygarden. Ta med deg heile familien, og bruk dagen i lag med oss!