Familiedag med Allsang på kaien

Det vert familiedag på Kystmuseet søndag 29.mai. Kjekke aktivitetar for store og små, leikar, pil-og bogeskyting, open smie og meir. Klokka 16 vert det konsert med allsang. Cato Jensen er konferansier, og saman med bandet Riff og Anita Heggholmen gjer dei oss musikalske høgdepunkt der du kan syngje med.

Billettar koster 100kr for vaksne, og den billetten gjeld for heile dagen - barn går gratis.