Færing i farta - motoriseringa av trebåten

Helga 8. og 9. september vert det full fart på Kystmuseet. Aktivitetar, marknadsbodar og konsert er berre noko av det du kan få med deg.

Ta med heile familien for her er aktivitetar for både liten og stor.

 

 

Familiedagar på museet, kor motoriseringa av trebåten står som hovedtema. I samarbeid med Fjell Kystlag og Kystsogevekene vert det ei helg fylt med båtar, motorar, utstilling, konsert, marknad og mykje meir. 

Programmet for helga:

Laurdag 8.september:

kl 13.00: Opning med ordførar Børge Haugetun, kulturinnslag
kl 13.15: Marknadsbodane opnar
kl 14.00: Notkast på vågen - Fjell Kystlag
kl 16.00: Konsert med Kleine Heine og Polkabjørn

 

Sundag 9.september:

kl 11.00: Gudsteneste ved sokneprest Espen Sigve Tvedten, song ved Gospel Teens
kl 12.30: Marknadsbodane opnar
kl 13.00: Kapproing
kl 13.45: Premieutdeling og trekning av gevinstar
kl 14.00: Teaterframsyning Brugdespelet
kl 15.00: Avslutning

Begge dagane vert det marknadsboar med spanande lokalmat, lokalt handtverk, Eliasbåten, SUP-padling, kajakk og mykje mykje meir.

Billettar kjøpast ved inngong:

Vaksne kr 100.-
Born kr 50.-
Familie (2 vaksne og 2 born) kr 200.-
Born under 3 år har gratis adgang

 

Velkommen!