Forteljarkveld - den dramatiske flystyrten i Øygarden 1941

Nytt år og ny forteljarkveld! Lokal krigshistorie står i fokus, og denne gång får vi høyre om Operation Archery og den dramatiske flystyrten i Øygarden desember 1941.

 

Operation Archery skulle nedkjempe den tyske garnisjonen i Måløy, øydeleggje industrianlegg og senke handelsskip. Ein del av operasjonen var å bombe Herdla Flyplass for å hindre dei tyske flya. 13 allierte fly, Bristol Blenheim IV, frå 114 skvadron Royal Air Force tok av frå Skottland for å utføre bombinga.

Deretter set dei kursen mot Øygarden og tilbake til Skottland. Her starta dramatikken. Eitt av flya vart truleg treft av kuler frå det tyske luftvernet på Herdla. Det resulterte i ein dramatisk kollisjon med eit anna fly, og endte med at dei styrta i Instetjørna ved Sture i Øygarden.

Kystmuseet i Øygarden ynskjer velkomen til ein spanande forteljarkveld om dramatikken 3.juledag 1941. 

 

kl.19:00-21:00

Inngang 100kr, inkludert lett servering.