Juleverkstad og tenning av ljosa på museumsgrana

Tradisjonen tru vert det også i år juleverkstad på museet. I kafeen kan du lage julepynt og smågåver, handle julepresangar i museumsbutikken, og sjølvsagt er kafeen open. Denne laurdagen er også smia open for den som vil prøva seg som smed.

Klokka 16 samlast vi alle på steinalderbuplassen kor vi tenner ljosa på museumsgrana.

Her vert førjulskos for liten og stor.