Strileshow med Cato, Claus og Harald Dahlstrøm

Endeleg vert det Strileshow på Kystmuseet. Fredag 25.august tek Cato Jensen, Claus Sellevoll og Harald Dahlstrøm turen til Ovågen og museet.

 

 

Strilekulturen var og er full av skarpe profilar. Cato & Claus alias Cato Jensen og Claus Sellevoll kjenner typane og miljøet, noko dei fekk vist med den kritikarroste humørbomba «Singel & Sand» i Bergen i fjor haust. I denne framsyninga som dei kallar «Strileshow»går duoen endå tettare på dei frodige karakterane, og byr publikum både søte og salte krambuedrops gjennom sketsjar, parodiar og songar frå eit miljø og ein kultur som dei fleste kjenner til, i alle fall på Vestlandet.

Billettar kr 250.- i sal på Kystmuseet tlf 53006140
Arrangementet er ein del av Kystsogevekene 2017