Velkommen til Kystmuseet i Øygarden

Kystmuseet ligg idyllisk til ved Ovågen omlag 50 kilometer frå Bergen sentrum.

Kor er vi?

Med privatbil: Du finn oss ved å følgje riksveg 555 mot Sotra. Kjør over Sotrabrua og gjennom Kolltveittunellen, rett etter tunnellen tar du til høgre i rundkjøringa og følgjer riksveg 561 mot Øygarden. Frå Kolltveittunnellen tar det omlag 30 minutt før du er ved museet. Museet ligg langs vegen, og det er skilta ved parkeringsplassen.Reisetid frå Bergen sentrum er 50 minutt.

Med offentleg transport: Frå Bergen busstasjon tek du buss 460 til Ågotnes i Fjell kommune. På Ågotnes terminal er det bussbytte til buss nummer 479. Haldeplassen er "Ovågen" Reisetida er noko over ein time. 

 

For funksjonshemmede

 

Kystmuseet er universelt utforma. Ta kontakt om du treng å parkere ved museet, vi har ein parkeringsplass som er reservert for funksjonshemma.

Hittegods

Har du gløymt noko?

Hittegods vert teke vare på i ein månad. Om du har gløymd noko ta kontakt på telefon: 53 00 61 44 eller send ein mail: marianne.lindgren@museumvest.no så skal vi hjelpe så godt vi kan.

Guida tur for grupper

Kystmuseet tilbyr ein rundtur i lokalmiljøet med eigen guide frå museet. Du får tydeleg sjå korleis Øygarden har endra seg frå fiske og gardsdrift, til eit moderne olje- og gassamfunn.

Kontakt oss for eit godt tilbod!