Våre utstillinger

Skiftande tider, skiftande samfunn.

Livet ved havet - ny utstilling 2016

Kva er det som har gjort at ein har kunne busett seg her ytst i havgapet? Ressursane frå havet har alltid vore, og er framleis viktige her i Øygarden. Fiske og jordbruk har vore leveveien for fiskarbonden som levde her ute, no er det olje- og gassindustrien som på mange måter har tatt over.

Ta ei vandring gjennom tida i utstillinga vår. Gjennom bilete, film, tekst og gjenstander fortel vi korleis samfunnet her i Øygarden har endra seg gjennom tidene - frå dei fyrste menneska kom hit rett etter siste istid og fram til i dag. Samfunnet har endra seg mykje gjennom åra, frå fiskarbonde til industrisamfunn til olje- og gassalderen. Tenk for ein anna kvardag det vart når straumen kom, eller når Rongesundbrua vart opna. Samfunnet er i stadig endring, og nokre av dei endringane kan du oppleve hos oss.

Velkommen!

 

Eg rodde meg ut

 Fiske til eiga gryte og til sal i byen. Heimefisket har lange tradisjonar på øyane ved havet både som næring og levevis.

Eit rikt innsig av makrell og sild i vågen og gode fiskeressursar få sjømil unna naustet, gjorde folket kring Ovågen sjølvberga året rundt. Reiskapane som blei brukte i dette tradisjonelle fisket var handsnøre, line, ulike garn, landnot og teiner. Laga heime på garden eller kjøpte hos bondehandlaren i Bergen.

I eit naust ved Ovågen fortel vi historia om folket og reiskapane dei brukte.

Øygarden Visningssenter

Eit moderne havbruksanlegg

På Kystmuseet kan du oppleve laks på ein unik måte. Bli med på ein fartsfylt båttur og på omvisning på eit moderne fiskeoppdrettsanlegg i Øygarden. Du får oppleve laksen på nært hald. Guiden vår fortel om havbruksnæringa og korleis den har utvikla seg i Noreg og lokalt i Øygarden.

Daglege turar kl. 13 og 14 i hovedsesongen, mai-august. På sundagar går det turar kl. 13 og 14, frå april-oktober. Elles etter avtale.

Spørsmål og bestilling:

Marianne Lindgren

Marianne.Lindgren@museumvest.no
tlf: 56 38 50 54