- 1/1
Kystmuseet i Øygarden feirar 30 år
I år feirar Kystmuseet i Øygarden 30 år. Tenk det – 30 år med museum i Ovågen!
Sidan opninga har museet vore ein viktig møteplass for formidling av kystkultur, historie og tradisjonar, og gjennom tre tiår har både store og små fått oppleve og lære meir om livet ved kysten.
På sjølve jubileumsdagen, 15. juni, hadde vi ei lita markering. No ønskjer vi å invitere deg med på den store feiringa. Vi har sett av ei heil veke til feiringa, og på programmet står mellom anna forteljarkveldar, kino og musikalsk framsyning, og ikkje minst ein kulturhistorisk båttur med Vestgar.
Museet og kystkulturen står naturleg nok i sentrum gjennom heile veka – og med eit særleg fokus på kystkvinna. Her blir det aktivitetar, arrangement og gode møte som løftar fram historia vår og livet langs kysten, samstundes som vi ser framover mot nye år med formidling og engasjement.
Vi held også ope museum på dagtid, med små programpostar innimellom. Følg lenkjene nedst i innlegget for å lese meir om dei ulike arrangementa og aktivitetane.
Vi håpar du finn eitt, eller kanskje fleire, arrangement du har lyst til å vere med på, og at du vil vere med oss når vi feirar 30 år med Kystmuseet i Øygarden.
Velkomen til jubileumsveka!
- Måndag 7.sept kl 19: Forteljarkveld med Ågot Gammersvik “Kystkvinnene – først opp og sist i seng”
- Tysdag 8.sept kl 19: Vårens store kinosuksess HAVFOLKET
- Torsdag 10.sept kl 19: Kjersti Nordøy, Elin Austbø og Jørn Austbø “Ein hyllest til Lilly Troland”
- Sundag 13.sept: Tur til handelsstaden Heggholmen med ferdabåten Vestgar