Hopp til hovedinnhold

Berekraftsveko 2024

For andre gong arrangerer Kystmuseet i Øygarden Berekraftsveko.

I perioden 14.april-21.april har vi ope museum med ulike arrangement der vi vil belyse temaet berekraft. 

Vi vil setje fokus på berekraft i kvardagen for deg og meg, men også berekraft i samfunnet. Hovudarrangementet vert Berekraftsdebatten tysdag 16. april: Vi som bygde ned Øygarden - Krisefornekting, industrifrieri og ukritisk utbygging. Dette er eit tema som er høgaktuelt både i kommunen vår, men også i resten av landet.  

Program for veko: 

  • Den store klesbyttedagen 
    Sundag 14. april kl 12-17  

Innlevering av klede: 
Fredag 12.april kl 12-16, innleveringa foregår i kafeen på museet.
Sundag 14.april kl 10-11.30 då kan du levere direkte i Taremare på kaien.

Lever inn dine gamle skattar og hent deg ut nye.  

  • Ope museum og kafe med kino
    måndag, onsdag, torsdag og fredag kl.11-15 
  • Berekraftsdebatten 
    Vi som bygde ned Øygarden - Krisefornektelse, industrifrieri og storstilt utbygging?
    Tysdag 16 .april 

Program: 
Kl. 13.00 Future club i auditoriet – tre innlegg om naturtap (varighet 45 min til saman)
Kl. 14.00 Debatt i Taremare Hav- og berekraftsenter 

  • Barnas Berekraftsdag 
    laurdag 20. april kl.11-15: Kino og aktivitetar 
  • Marknad og auksjon
    Søndag 21. april – kl. 14-16

Snurrepiperier, plansjer og bøker

Bli med på museumsmarknad og auksjon søndag 21.april i Taremare.

Etter ein vinter med fokus og full gjennomgang av gjenstandssamlinga vår står me igjen med ein del ting som no skal ut av samlinga. Dette er ting som anten ikkje passer i vår samling eller det er duplikat og ting vi allereie har fleire utgåver av. Her kan nevnes bøker, reiskaper og skuleplansjar.

Etter å ha fulgt prosedyrane for avhending sit vi no igjen med ei rekkje flotte ting som du kan få sjansen til å kjøpe. Vi slår difor til med MARKNAD og AUKSJON i Taremare no på søndag kl 14-16.

Marknaden startar klokka 1400 og auksjonen klokka 1500.Merk at dei inntektene me får inn frå salet av gjenstandane vil uavkorta gå til arbeidet med å utvikle og forvalte samlinga til museet i tråd med ICOMs museumsetiske regelverk.

 

 

 

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 2