- 1/1
Kven var Lilly? Gjennom song, dikt og forteljingar teiknar barnebarna Elin Austbø og Kjersti Nordøy eit varmt og levande portrett av mormora si, Lilly.
Med ein fin balanse mellom alvor og humor deler dei minne, tekstar og tankar frå eit langt liv med sterk kjærleik til naturen, lokalsamfunnet og menneska rundt seg.
Jørn Austbø akkompagnerer på piano og framfører også ein eigenkomponert melodi til ein tekst skriven av Lilly.
Lilly vaks opp i Hatten i Øygarden og byrja tidleg å skriva dikt, songar og prologar. Ho var samfunnsengasjert, aktiv i lokalpolitikken og oppteken av utviklinga i bygda si. Gjennom framføringa får vi glimt frå barndomen hennar, kjærleiken til naturen i Øygarden og nokre av dei politiske bekymringane og framtidshåpa ho formidla gjennom pennen sin.
Velkommen!
Billettpris: 150kr
Arrangementet er ein del av Kulturverndagane 2026