- 1/1
Bjørg Christophersen var med gjennom heile prosessen med å planleggje museet, følgje sjølve bygginga og ikkje minst fylle huset med innhald og aktivitetar.
Kvifor ønskte kommunen eit museum for og om kystkultur? Kva val vart tekne då museet skulle etablerast, og kven var dei viktigaste samarbeidspartnarane på vegen frå idé til realitet?Gjennom personlege minne, spanande tilbakeblikk og nokre gode anekdotar får vi eit unikt innblikk i dei første 30 åra av museet si historie.
Det blir òg høve for publikum til å dele eigne minne og historier. Kanskje har du ei god forteljing om museet eller eit minne frå dei siste 30 åra som du vil dele med oss?
Velkommen!
Billettpris: 50 kr
Arrangementet er ein del av Kulturverndagane 2026