Strandsitjarar og husmenn
På 1700- og 1800-talet utgjorde husmenn/strandsitjarar og familiane deira ei stor sosial og økonomisk gruppe i Øygarden. Men kven var desse folka, og kva skilde dei frå gardbrukarane? Me vil sjå på når og kvifor husmannsvesenet oppstod, rekrutteringa til gruppa, busetjingsmønster, levevegar og sosial status. Ein del enkeltskjebnar vil bli omtala, der me møter både fattige og velståande, og somme som hamna på skråplanet.Som vanleg vert det høve til innspel og prat etter foredraget.
Billettpris: 100 kr som inkluderar lett servering