Hopp til hovedinnhold

Geoscanning i Ormhilleren - på jakt etter Rongeskipet

Under torva i Ormhilleren fann dei i 1941 restar etter eit vikingskip, det såkalla Rongeskipet. No blir området undersøkt på nytt – og funna kan få stor betydning for både forskinga og framtida til Kystmuseet.

Onsdag 28.januar var vi på Kystmuseet på befaring vest for Ormhilleren ved Rong, der dei i 1941 fann restane av eit vikingsskip frå ca. år 900 e. Kr.

På myra i Hestdalen, har arkeologar frå Universitetsmuseet i Bergen i gjennomført ei geoskanning av området der vikingsskipet vart grave fram i 1945. Leiar for prosjektet «Kystarv under press», Morten Ramstad, syns resultatet førebels er lovande og dersom dei finn noko frå skipet så er det ein sensasjon. Men om det er noko under mosen i myra får vi ikkje vita heilt enno.

Kystmuseet i Øygarden er med i prosjektet, og for oss er denne geoskanninga særs spanande. Vi har nemleg store planar for utviklinga av museet dei neste åra. Vi skal hente inn gamal og ny forsking på perioden frå 11.000 år attende, og fram til 1800-talet, og ta det inn i ei ny hovudutstilling. Deriblant skal sjølvsagt den innhaldsrike og spanande jarnalderen og vikingtida mykje meir fram i tida. Men ikkje nok med det – VI SKAL BYGGJA EIT VIKINGSKIP !

Målet er å bruke den kunnskapen vi får dei neste åra knytt til forsking på vikingskipet ved Ormhilleren, til å få konstruert eit nytt vikingskip med elementane vi har derifrå. Her treng vi alt frå frivililige til profesjonelle, så om du har lyst på eit tidspunkt bli med på dette prosjektet er det berre å ta kontakt med oss.Her kan du lese meir om geoscanning: https://www.niku.no/.../digital.../geofysiske-undersokelser/