Hopp til hovedinnhold

Haustferie på museet

Kva passar vel betre når ein har ferie enn å gå på museum? Sjå utstillinga, ta ein kopp kakao i kafeen og kos deg med eit brettspel eller teiknesaker. Eller kva med gratis kino?

Vi viser film søndagane og man-ons i haustferieveka. Alle filmane passar for heile familien, og det er gratis for både liten og stor.

Filmoversikt:

Sundag 6.okt kl. 13.00: Ronja Røverdatter

Måndag 7.okt kl. 12.00: Mio: Eventyr i middelhavet

Tysdag 8.okt kl 12.00: Pippi på Sjørøverøya

Onsdag 9.okt kl 12.00: Nelly Rapp: Monsteragent

Sundag 13.okt kl 13.00: Brødrene Løvehjerte

Kafeen er open alle dagar, og her kan du låne brettspel, teikne eller perle deg eit armband. Ta deg ein tur i utstillinga og svar på quizen vår, vi har også ein quiz du kan ta utendørs.

Hjarteleg velkommen!

Inngang er gratis for born under 18 år. Vaksne betaler vanleg billettpris for å sjå utstillinga.

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 2