- 1/1
I haustferien opnar museet dørene og inviterer til kjekke opplevingar for både små og store. Frå måndag til fredag og søndag kan du besøkje museet og vere med på ei rekke gratis aktivitetar.
Kinoen går kvar dag museet er ope, og tysdag og onsdag kan du bli med på aktivitetar i smia. Tysdag får du prøve deg som smed, medan onsdag kan du byggje din eigen båt, fritt etter fantasien.
For dei som ønskjer ei ekstra oppleving, blir det gratis familieturar med RIB til oppdrettsanlegget måndag, tysdag, onsdag og fredag. Turane har aldersgrense på 5 år, og vi tilrår å hente ut gratis billett på førehand, då talet på plassar er avgrensa.
Program
Sundag 4. oktober
- Ope museum kl. 12.00–17.00
- Gratis kino for heile familien kl. 13.00
Måndag 5. oktober
- Ope museum kl. 11.00–16.00
- Gratis familiekino kl. 12.00
- Gratis RIB-turar til oppdrettsanlegget kl. 12.00 og 13.00
Tysdag 6. oktober
- Ope museum kl. 11.00–16.00
- Gratis familiekino kl. 12.00
- Ope smieverkstad kl. 11.00–15.00. Prøv deg som smed.
- Gratis RIB-turar til oppdrettsanlegget kl. 12.00 og 13.00
Onsdag 7. oktober
- Ope museum kl. 11.00–16.00
- Gratis familiekino kl. 12.00
- Ope verkstad i smia kl. 11.00–15.00. Bygg din eigen båt.
- Gratis RIB-turar til oppdrettsanlegget kl. 12.00 og 13.00
Torsdag 8. oktober
- Ope museum kl. 11.00–16.00
- Gratis familiekino kl. 12.00
Fredag 9. oktober
- Ope museum kl. 11.00–16.00
- Gratis familiekino kl. 12.00
- Gratis RIB-turar til oppdrettsanlegget kl. 12.00 og 13.00
Sundag 11. oktober
- Ope museum kl. 12.00–17.00
- Gratis kino for heile familien kl. 13.00
Alle aktivitetane er gratis. Vaksne som ønskjer å besøkje utstillingane løyser ordinær inngangsbillett, medan barn og unge under 18 år, som alltid, har gratis inngang til museet.
Velkomen til ei innhaldsrik og kjekk haustferieveke på museet! 🍂🚤🔨🎬