Hopp til hovedinnhold

Haustferien: Bygg din eigen båt i smia

Bygg din eigen båt i haustferien! Vi stiller med utstyr og materiale, medan du står for ideane og kreativiteten 🚤✨

Onsdag i haustferien inviterer vi til båtverkstad i smia.

Smia - Kystmuseet i Øygarden
07. okt. 2026
11.00 – 15.00
  • 1/1

Har du draumt om å vere båtbyggjar for ein dag? Onsdag i haustferien inviterer vi til båtverkstad i smia.

Her kan du byggje din eigen båt og sleppe fantasien laus. Vi finn fram alt du treng av utstyr og materiale, og du bestemmer sjølv korleis båten skal sjå ut. Kanskje blir det ein fiskebåt, ein seglbåt eller noko heilt anna?

Når båten er ferdig, får du sjølvsagt ta han med deg heim.

Aktiviteten er gratis og passar for alle aldrar.

Velkomen til ein kreativ dag med hamring, bygging og båtdraumar! ⛵