Det har blitt ein kjekk tradisjon med gratis familiekino på museet i skuleferiane. No nærmar haustferien seg, og sjølvsagt blir det kino også i år!
Frå måndag til fredag inviterer vi til familiekino kl. 12.00, medan det blir kinoframsyning kl. 13.00 på søndagane. Filmane blir viste i kinosalen på museet og passar for både små og store.
Her blir det gode filmopplevingar for heile familien.
Det er ikkje nødvendig med billett til filmane, det er berre å komme.
Velkomen til ein hyggeleg kinotur på museet i haustferien! 🎬🍿
KINOPROGRAM:
Søndag 4.okt: Nina og pinnsvinets hemmelighet - Anbefalt frå 6år
Måndag 5.okt: Rev og hare redder skogen - Tilllatt for alle
Tysdag 6.okt: Superkompisene - Anbefalt frå 6 år
Onsdag 7.okt: Kensukes hemmelige øy - Anbefalt frå 9 år
Torsdag 8.okt: Her kommer Pippi Langstrømpe - Tillatt for alle
Fredag 9.okt: Operasjon mumie - Detektivbyrå nr.2 - Anbefalt frå 6 år
Søndag 11.okt: Dyrene i Hakkebakkeskogen - Tillatt for alle