Hopp til hovedinnhold

Haustferien: Gratis familieturar med RIB til oppdrettet

Bli med på ein fartsfylt RIB-tur til oppdrettsanlegget på Ljøsøy og lær meir om korleis aure blir produsert i ein av Noregs største næringar.

Opplev oppdrett på nært hald. Bli med på ein kjekk tur til merdkanten

Kystmuseet i Øygarden
05. okt. 2026
kl 12 og 13
06. okt. 2026
kl 12 og 13
07. okt. 2026
kl 12 og 13
09. okt. 2026
kl 12 og 13
Gratis billett finn du her
  • 1/1
    Bli med ut på merdkanten. Turen går i RIB frå flytebrygga ved Taremare. Jan Lillebø

Bli med til merdkanten og få eit innblikk i korleis aure blir produsert.

Med frisk sjøluft og vind i håret går turen med RIB frå Taremare ved museet og ut til flåten på Ljøsøy. Her får du lære meir om korleis fiskeoppdrett fungerer, og korleis ein av Noregs største næringar arbeider kvar dag.

Sjølv om det ikkje er fisk i merdane i haustferien, får du ei spennande omvising og innføring i korleis produksjonen går føre seg. Du får sjå anlegget på nært hald, stille spørsmål og lære meir om livet i og rundt oppdrettsnæringa. Og ikkje minst blir det ein kjekk tur med RIB på sjøen!

Turen passar for heile familien. Nedre aldersgrense er 5 år, og barn må vere i følgje med ein vaksen.

Arrangementet er gratis, men talet på plassar er avgrensa. Vi tilrår derfor at du hentar ut gratisbillett på førehand.

Velkomen til ein lærerik og fartsfylt familietur på sjøen! 🚤🌊🐟

Praktisk info: 
🐟Kle deg etter været, husk det kan vere surt på sjøen
🐟Vi har redningsvestar 
🐟Møt opp i resepsjonen på Kystmuseet
🐟Aldersgrense 5 år