Hopp til hovedinnhold

Prøv deg som smed i haustferien!

Bli med inn i smia og prøv deg som smed. Tysdag i haustferien kan du banke, smi og forme ditt eige vesle kunstverk saman med smed og handverkar Tor.

Bli med inn i smia og prøv deg som smed

Smia - Kystmuseet i Øygarden
06. okt. 2026
11.00 – 15.00
  • 1/1
    Tysdag i haustferien opnar vi dørene til smia, og smeden vår Tor fyrer opp essa.

Har du lyst til å prøve eit ekte handverk? Tysdag i haustferien opnar vi dørene til smia, og smeden vår Tor fyrer opp essa.

Her kan du prøve deg som smed og få vere med å banke, smi og forme metall. Med litt hjelp frå Tor kan du lage noko heilt eige som du får ta med deg heim etterpå.

Aktiviteten passar best for barn som har byrja på skulen, og for eldre barn og vaksne som har lyst til å prøve noko nytt.

Velkomen til ein lærerik og kjekk dag i smia! 🔨🔥

Aktiviteten er gratis. Om de ønskjer å sjå utstillinga inne på museet må vaksne løysa vanleg museumsbillett, born under 18 år har som alltid gratis inngang.