Hopp til hovedinnhold

Høgtideleg opning av Taremare

Tysdag 7. desember kl. 12.00 sette barn frå Svanevågen og Blomvåg Barnehagar stemninga for opningsseremonien for det nye bygget Taremare på Kystmuseet i Øygarden. Stolte barn song med stor innleving til dei frammøtte fylkes- og kommunetoppane, venner og kollegaer.

  • Opning av Taremare på Kystmuseet i Øygarden 7. desember 2021.
    Opning av Taremare på Kystmuseet i Øygarden 7. desember 2021. Siri Giil Rolland / Museum Vest

Tysdag 7. desember kl. 12.00 sette barn frå  Svanevågen og Blomvåg Barnehagar stemninga for opningsseremonien for det nye bygget Taremare på Kystmuseet i Øygarden. Stolte barn song med stor innleving til dei frammøtte fylkes- og kommunetoppane, venner og kollegaer.

Eit bygg til all slags nytte

Nybygget Taremare skal nyttast til formidling og det vert mogleg å tilby variert undervisning om både livet i havet og energi. Vi har fått økonomisk støtte til å utvikle eit undervisningsopplegg om energi som ferdigstilles i desse dagar. 

Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden kommune, seier: 

- Det blir eit flott smykke i kommunen. Dette er staden for undervisning, lærdom og fest.

Om Taremare-bygget

Taremare er eit kombinert undervisning- og aktivitetsbygg. Bygget er teikna av arkitekt Trygve Solløs frå 3RW arkitekter. Med solceller på taket, varme frå sjøvatn i golvet og naturlege materialar er dette eit bygg som i seg sjølve har element av formidling om bærekraftig energibruk.

Namnet Taremare kjem frå barneboka "Det hende i Taremareby". Her fortel  forfatter Ingebrigt Davik om ein eventyrverden under vatn der vi mellom anna møter  Krabbekrølle og Flyndrefanten. Kystmuseet fekk lov til å nytte namnet av Davikfamilien som syntes dette var stor stas.  

Kystmuseet i Øygarden

Museet viser kystkultur frå steinalder til oljealder. Livet ved havet er i fokus og korleis livet er og har vore her langs kysten.

No i desember er museet ope med onsdagskafe kvar onsdag 12-15. 

Skuleklassar og barnehagar kan bestille undervisningsopplegg på Museumslosen (mulo.no)

  • 1/1
    Opningsseremoni for det nye bygget Taremare 7. desember 2021. Siri Giil Rolland / Museum Vest
Museum24:Portal - 2024.03.00
Grunnstilsett-versjon: 2