Hopp til hovedinnhold

Forteljarkveld med filmpremiere: Blomvåg kvalstasjon

Korleis dokumentera eit kulturminne som ikkje lengre finst? Det er noko av det tidlegare leiar ved Kystmuseet Bjørg Christophersen vil fortelje om denne kvelden.

Tidlegare leiar ved Kystmuseet Bjørg Christophersen kjem for å fortelje om arbeidet med å dokumentere og lage film om kvalstasjonen i Blomvåg. Ho tek opp korleis ein kan  dokumentere noko som ikkje lengre finst. I filmen som er laga av Jan Robert Jore, kan ein mellom anna sjå  originale filmklipp frå verksemda i 1915. Det vert og vist foto frå kvalstasjonen i 1920, som ikkje er publisert tidlegare.

Museum24:Portal - 2024.06.11
Grunnstilsett-versjon: 2