Hopp til hovedinnhold

Konsert med Henderson, Fliflet & Burgess

Henderson, Fliflet & Burgess
- Salt nordsjømusikk frå Shetland, Skottland, England og Vestlandet

  • 1/1

Endeleg er me igjen klare for konsert på museet! 

Det vert eit gledeleg gjensyn med trioen Henderson, Fliflet & Burgess. Dei speler raske rilar så harpiksen fyk og golvet gyngar. Dei syng om kvalfangst, venskap og vågemot. På engelsk, skotsk og norsk. Det er mykje salt og sjø i lufta, og her trivst både vemod og gapskratt. Det duvar, det svingar – lett og tett, rått og godt.Musikken kretsar rundt Nordsjøen, og trekk trådar og kontakt mellom Shetland/Skottland, England og Kyst-Norge – områder som har vore tett på kvarandre i århundrar.

Du får sjå og høyre:
Kevin Henderson – fele og song
Gabriel Fliflet – Trekkspel, piano og song
Richard Burgess – Concertina, gitar og song

Stad: Taremare på Kystmuseet
Dato: fredag 8.mars
Klokkeslett: 19.00 dørene opnar kl. 18.30
Billettpris: 310 kr

Enkel kiosk med sal av kaffe/te, brus og snacks.

Museum24:Portal - 2024.10.30
Grunnstilsett-versjon: 2