Aktiv sommar på Kystmuseet

Kvar vekedag i skuleferien er det noko å gjere på museet. Oppdagingsferd i fjæresteinane, arkeologisk utgraving på steinalderbuplassen, padling i kano og mykje meir. Det er ein aktivitet per dag, i tillegg har vi uteleiker og spel, og anna utstyr de kan låne. Tilbodet passar for barnefamiliar og andre leikne personar. Barn må ha følgje av ein vaksen (+18 år).

Aktivitetane dag for dag


Måndag «Taremare» Fang krabbe frå bryggekanten, lei robåt eller kano for ein tur på vågen. I juli kan du bli med Padle-Laila i kano for leik og moro. Merk at desse dagane er det avgrensa tal på deltakarar og difor må ein tinga billett på førehand. Ls meir her

Tysdag «Fjæras skattar» Gå på oppdagingsferd i fjæra. Finn skjel, krabbar og anna småkryp til saltvannsakvariet. 

Onsdag «Smed for ein dag» Møt smeden og lær korleis man kan forme jernet til reiskapar og bruksting. Prøv deg med hammaren på det rødglødande metallet, kanskje får du ei god historie samstundes? Smia er ope 12-15.

Torsdag «Fjæras skattar» Gå på oppdagingsferd i fjæra. Finn skjel, krabbar og anna småkryp til saltvannsakvariet.

Fredag «Ein dag i steinalderen» Vi nyttar dagen på steinalderbuplassen til museet. Prøv deg som arkeolog i gravekassane våre, lag helleristningar og mal korn på kverna vår.

 

Alle aktivitetane er inkludert i museumsbilletten, barn under 16 år har gratis inngang. Grunna smittevernomsyn kan det nokre dagar verte litt venting om det kjem mange.
Alle dagar kan du leige robåt eller kano i museets opningstid. Fiskeutstyr kan du låne gratis og freiste fiskelukka frå bryggekanten. Vi har også utespel og utstyr du kan få låne med deg til ein dag med leik og utforsking her på museet.