Kystmuseet i Øygarden har ei rik samling med tradisjonsbåtar, og no kan du finne dei på DigitaltMuseum. Her finns det færingar og seksæringar, notbåtar, storabåter og gavlbåtar for å nemna nokre. For å finne båtane våre kan du nytte søkeordet "båt".
Digital tilgang til museumsgjenstandar og bilete
På DigitaltMuseum kan du søke blant tusenvis av bilete og gjenstandar frå dei fleste musea i landet. Kystmuseet har si egia samleside kor du kan søke blant dei gjenstandane me har gjort tilgjengeleg digitalt. Følg gjerne med på sida vår, her vert det stadig lagt ut nye gjenstandar.
Kystmuseet på DigitaltMuseum
Her finn du gjenstandar frå samlinga vår. Her finn du også båtane våre, vi har registrert og lagt ut dei fleste, 15 av båtane våre på Digitalt Museum. Samlinga vår er delt inn i ulike båttypar der nokre skal nyttast i formidlinga, i nokre tilfelle også på sjøen, men på Digitalt museum finn du dei av båtane vi skal bevara for framtida som museumsgjenstander.
Seksæring frå Hjelmevågen, denne finn du på DigitaltMuseum. Til dagen vert båten oppbevart i steinnaustet siden dette er ein samlingsbåt.
"Seifisteinen" er ein seksæring frå Herdlevær. Den finn du også på DigitaltMuseum, og til dagen står den på ein hengar under grindverksbygget på kaien.