Kystmuseet i Øygarden fortel om livet ved havet før og no. Planlegg for ein dag i Øygarden med museumsbesøk, aktivitet og natur.
12.000 år med historie
I hovudutstillinga kan du utforske dei siste 12.000 år med kysthistorie, frå sild og pote til 7 dagars bryllupsfest med alt tilbehør. I kafeen kan du nyte nysteikte lapper, kaffe og is med mer. Vi har flott terrasse med le for nordavinden. I museumsbutikken finn du mykje artig som du ikkje finn alle andre stadar.
Utforsk Ovågen på eige hand - lei robåt eller kano
Vil du utforske Ovågen på eiga hand, har vi utleige av både robåt og kano. Vi har gratis utlån av fiskeutstyr, og vil du på skattejakt i fjøra har vi både hov og vannkikkert til låns. Og sist men ikkje minst, så har vi flotte bademoglegheiter rundt museet, inkludert ei lita sandstrand ideell for småborna.
Bli med i RIB til Øygarden visningssenter for laks
Nemnde vi at på kvardagar kan du kl 12 og 13 bli med i RIB-båten vår til visingsenteret for havbruk? Her får du møte både røktaren sjølv og laksen – og du får deg ein frisk liten tur på sjøen.