Havstrilen 2021 i sal no

"Havstrilen 2021" er no i sal på alle musea i Museum Vest.

21 årgang med Havstrilen

Kulturhistorisk årbok for Øygarden er klar med ny utgåve. Artiklane kjem frå heile kommunen og spenner vidt i tema. Gjennom 130 sider og 14 artiklar blir du tatt med på ei historisk reise gjennom kommunen vår. Er du kanskje ein av dei som tok rutebåten før i tida vil sikkert artikkelen "Rutebåter og stoppestader i ytre Herdla og Hjelma" falle i smak. Kystmuseet har i år feira 25 års jubileum, og i Havstrilen kan du lese om bryllaupstradisjonar og bruredrakten som du finn i den nye utstillinga på museet.

Av andre tema kan ein nevna Sund trekkspelklubb som har holdt på i 40 år, dei har spelt mang slags musikk - til og med Springsteen. Av nyare tema kan du lese om Perler i Nordsjøløypa og ein nekrolog over bedehuset på Blomvåg...mellom anna.