Kanoleik på Ovågen

Bli med Padle-Laila og vår aktivitetsvert på kanoekspedisjon. De padler innover i Ovågen og det koselege naustmiljøet der, og kanskje går turen også til den godt gøymde stranda "Hidden Paradise".

Her vert det leik og moro for liten og stor. Vi har stødige kanoar og redningsvestar, dykk må ha passande klede for ein dag på sjøen.
Laila er sertifisert og godkjent instruktør og ivaretar HMS føreskriftene til Norges Padleforbund. Barn må ha følgje av ein vaksen. Det er avgrensa tal deltakarar så her er det fyrst til mølla som gjeld.

Det er to turar per måndag, ein tur med start kl 11.00 og ein med start kl 13.30. Kvar ekspedisjon varer om lag 2 timar.

Datoar tilgjengeleg er:
*Måndag 5.juli kl. 11.00 og 13.30
*Måndag 19.juli kl. 11.00 og 13.30
*Måndag 26.juli kl. 11.00 og 13.30

For påmelding send ein e-post til kystmuseet@museumvest.no eller ring museet på tlf:53006140