Kongens fortenestemedalje til Kenneth Bruvik
Villaksforkjemparen, plastryddegeneralen og TAM-høvdingen vert heidra med Kongens fortenestemedalje i ein flott seremoni på Taremare hav- og berekraftsenter på Kystmuseet i Øygarden 22. februar.
Engasjert på fleire område
Øygarden kommune, som står for arrangementet saman med Kystmuseet i Øygarden, sende i dag ut pressemeldinga, og skriv vidare:
Forslagsstillar Gunnar Buvik seier at det er særleg innan tre område Kenneth Bruvik har utmerkt seg. Det er i prosjektet TAM (Trygghet, Ansvar og Mestring) som er eit alternativt undervisningsopplegg i regi av NJFF der ein nyttar naturen og friluftslivet som ein alternativ arena for ungdom som treng avveksling frå tradisjonelt skulearbeid. Han har også vore ein frontfigur i kampen mot plastforureininga i havet og kjempa for å bevara villaksen.
- Kenneth Bruvik har arbeidd med dette i fleire ti-år, og framleis er engasjementet på topp. Kenneth har lagt ned ein innsats som ligg vesentleg over det ein kan forventa, seier Gunnar Buvik.
"Plastkvalen" sette spor
Medaljemottakaren har også engasjert seg i frivillige organisasjonar som Sotra Rotary Klubb og The Plastic Whale Heritage. I kjølvatnet av funnet av ein kval med store mengder plast i magesekken i 2017, vart det etablert ei eiga «plastgruppe» i Sotra Rotary. Han har fått fleire prisar for engasjementet sitt, mellom anna «Fiskeridirektoratets Miljøpris 2018» for å ha skapt og vedlikehalde eit stort engasjement både lokalt, nasjonalt og internasjonalt for å få merksemd om forsøpling og «Gullaksen 2018» for sitt engasjement for å redda villaksen.
I serien «Plasthavet» på NRK i 2021 var Kenneth Bruvik programleiar. I programmet vart det stilt spørsmål om kva som skjer med naturen, dyra og omgjevnadene rundt oss når plasten endar opp over alt.
Museum vest og Kystmuseet i Øygarden gratulerer Bruvik med vel fortent pris.
Medaljen vert overrekt på eit arrangement på Kystmuseet den 22. februar for inviterte gjestar.