Tysdagar og torsdagar i skuleferien kan du på Kystmuseet vere med på ei tidsreise - frå dei første menneska kom til Øygarden for 12 000 år sida, gjennom steinalder og vikingtid, fiskarbondens liv og fram til tida vi no lever i. Bli med vår guide ein runde på museumsområdet. Turen passar for dei fleste, og er lett å gå. Billetten inkluderar museumsbillett.
Visste du at det låg eit vikingskip i myra på Rong, og veit du kvifor dei byrja med fiskeoppdrett? Bli med på ei vandring i kystlandskapet, vi går innom dei historiske bygningane på museet og fortel historier undervegs. Turen startar frå museet. Første stopp er steinalderbuplassen der du får høyre om korleis folk levde av dei knappe ressursane som var den gang. Ferda går så vidare til smia, smedens arbeidsplass. Livet ved havet er den raude tråden i forteljingane og turen går innom både naustet, saltebua og strandsitjarhuset «Strandberg». Til slutt samlast vi i nybygget med forteljingar om dei nye næringane nær museet; Visningssenter for havbruk og Kollsnes som produserer gass.
Undervegs i turen vert det høve for ein liten forfrisking og smaksprøve på tradisjonsmat.
Turen er lett å gå og passer for dei fleste.
Oppmøte på Kystmuseet kl 13.00. Turen varer 90 minutt, og foregår både inne og ute så kle deg etter veret.
Prisen for turen er 225 kr for vaksne, og må tingast på førehand siden det er avgrensa kapasitet på turen. Barn er gratis, men må ha billett.
Billett tingast her!