3 Tips til aktivitetar i nærleiken av Kystmuseet

Det er mykje å gjere både på og rundt Kystmuseet i Øygarden for heile familien. Les meir her!

  1. Bade!

I gåavstand frå museet finn du ei flott badevik med sandstrand. Ta med deg matpakke og bruk dagen her. Vil du sjå museet først og bade etterpå så kan du også bade ved museet, her er lett tilgang til sjøen via badetrapp eller svaberg.

  2. Dra på fotosafari

Innerst i Ovågen finn du flotte naust både gamle og nye. Ta med deg mobilen eller kamera og oppdag nye vinklar, fargar og formar. Tagg gjerne bileta du deler i sosiale medier med #Kystmuseet2020 så kan vi få med oss kva du ser gjennom linsa.

  3. Tur til Skogsøy

Vil du ut på tur kan vi varmt anbefale ein tur til Skogsøy. Vakker natur og utsikt over havet. Denne turen kan vere litt for krevjande for dei minste, då det er litt ulendt terreng og bratte parti nokre stader.