6 ting å gjere på Kystmuseet for heile familien!

Ta turen til Kystmuseet og vakre Øygarden i sommar! Her er noko for alle i familien - både liten og stor.

  1. Livet i fjæra

Lån ein bingoboks og gå på oppdagarferd i strandkanten. Lek og lær ved å finne alle dei avbilda tinga, kanskje er det du som vinn?

  2. Gå på oppdagelsesferd i museet

Kva gjer ein dinosaur i Øygarden, og finns Troll berre i eventyr?

  3. Gjer strandhugg i Ovågen

Vi har stødige kanoar og verdens finaste færing som du kan leige. Obs! Det må alltid vere med ein ansvarleg vaksen.

  4. Krabbefiske frå bryggekanten

Fins det noko meir sommarleg enn å kaste ut eit snøre og håpe på at ein liten krabbelure bit på?

  5. Ein påhengsmotor kan vere så mangt

Frå verdas minste du kan ha i sekken, til fleribruksmaskin. I saltebua vår finn du det meste av påhengsmotorer frå heile verda.

  6. Is på terassen😊

Etter eit innhaldsrikt besøk er du kanskje klar for ein pust i bakken og ein is på terassen.