Lysglimt i mørketida - adventskonsert med Triade

Arrangementet er diverre avlyst. Me satser på å sette opp ein konsert på nyåret i staden for.

Velkomen til ei hyggeleg musikalsk stund i lag med 
Triade som er på adventsturné. Før konserten har me open kafe kor du kan nyte ein kopp kaffe og heimebakst.

Førjulssteming

Triade lokkar fram den gode førjulstemninga og er innom dei kjende
julesongane, dei klassiske perlene, blanda med eigne viser, dikt og
historier med glimt i auget.

Triade er:
Brith Barsnes Bjordal, song,
Geir Barsnes, gitar, song, dikt
Terje Onstad, piano.

Billettane ligg allereie ute for sal, sikre deg din her.

Kafeen er open frå kl 18, her kan du få deg ein kopp kaffe og litt god heimebakst.
Avgrensa antall billettar, så det er lurt å sikre seg billletten på førahand.
Programmet varer i 40-50 min(og litt lengre dersom stemninga er god). 

Velkommen til ei musikalsk førjulsstund på Kystmuseet.