Journalist og redaktør Arne Blix kom i fjor ut med boka «Notheng kystens katedral», her har han samla kunnskap og forteljingar om nothengjene gjennom historiske kjelder og samtaler med tidsvitne. No kjem han til Kystmuseet for å fortelja oss om desse «kystens katedralar» og kvifor dei har vore så viktige for folk langs kysten.
Notheng i Øygarden
Visste du at Øygarden er kanskje den kommunen i Norge som hadde flest notheng den tida dei var vanlege, nokre av dei var også blant dei største. Sjølv om dei fleste no er borte, fins der enno originale eksemplar på notheng og nothus. På Hellesøy er den gamle nothengja tatt i bruk på ny måte som samlingsplass og restuarant. Har du tenkt på at til og med Kystmuseet har inspirasjon frå dei gamle nothengjene?
Som vanleg samlast me i kafeen etter foredraget for ein kopp kaffe og noko å bita i.
Velkommen!

Billettpris: 100 kr som inkluderar lett servering.
Merk: Me oppmodar til å kjøpe billett på førehand, då arrangementet har avgrensa kapasitet.