Forteljarkveld "Folketro ved kyst og fjord"

Kva passar vel betre i haustmørket enn å høyre om sjøvettene våre og andre fantastiske skapningar som høyrer heime langs kyst og fjord? Eit spanande foredrag med Kamilla Sajetz Mathisen om ein kulturarv som kanskje har hamna litt i skuggen av "innlandsvettene", huldra og troll. 

 

 

Draugen, Marmælen og Sjøhorven

Kva skjuler seg i bølgjene? Kven er marmælen, sjøhorven og dei blåkledde på dei usynlege øyene? Ute i fjordene og på havet fins ei hel verd som tidlegare var ein del av kvardagen langsmed kysten. Veit du korleis du vert kvitt draugen og kva gjer du om du får marmælen ombord i båten? I dette føredraget presenterast dei ulike sjøvettene som for berre nokre generasjonar siden var ein sjølvsagt del av livet, ein kulturarv som diverre er på vei til å forsvinne ut av det kollektive medvit.

Berg og båre

Føredragshalder er Kamilla Sajetz Mathisen er skribent, biletkunstnar og initiativtakar for prosjektet "Berg og båre". I prosjektet har ho gjennom to år samla informasjon om tradisjonane kring dei norske sjøvettene. Ho har høyrt eit utall fortellingar, sagn og augevitnebeskrivelsar som ho no vil dele med oss.

Etter føredraget samlast me i kafeen, her vert det høve for å stilla spørsmål og dele eigne historier om sjøvettene.

Inngang 100kr som inkluderar lett servering.