Forteljarkveld med Birger Berge "Frå Instagram til bok"

Birger Berge er kjend frå både Instagram og frå boka "Moderne Tradisjonsstrikk". Få med deg eit møte med Birger kor han fortel om veien frå Instagram til bok.

Frå oppstarten av Instagram-kontoen i 2016 gikk det fort frå konto til bok. Birger Berge er oppteken av den norske mønstertradisjonen og bruk av ull, og forsøker å skape nye mønster ut frå tradisjonen med ein moderne vri. I føredraget vil Birger fortelje litt om si strikkehistorie, sine tankar om strikking og ull, og arbeidet med boka. Etter føredraget samlast vi i kafeen for ein prat og litt å bite i.

Open kafe, inngang 50 kr.