Kjekk haustferie på museet 🍂

I haustferien kan du både få saltvann i luggen og få med deg eit knippe filmar i kinosalen på museet. Museet er ope sundag 12-17, og kvardagane 11-16.
Måndag til fredag vert det gratis tur med RIB til oppdrettsanlegget, og etterpå vert det gratis kino på museet. MERK! grunna avgrensa plass anbefaler me å hente ut gratis billett på førehand. 

Fartsfylt tur til oppdrettet 

Nysgjerrig på korleis laksen har det i merdene på havet? Bli med på ein tur kor du får læremeir om norsk havbruk, og får komme tett på laksen - kanskje får du mate den også?
Turen startar på museet med ein liten film før turen går med RIB til flåten i Hjeltefjorden. Turane går måndag til fredag klokka 11.30 i haustferien.
Aldersgrense for å vere med på turen er 5 år, og for born under 12 år MÅ det vere ein vaksen per born. Det vert ikkje gjort unntak frå denne regelen.
Hugs å kle deg etter veret. Det er avgensa plass på desse turane så hent deg ut billett på førehand her.

Kinokos i haustmørket

Me gjentar suksessen frå i sommar med gratis kino i skuleferien. Måndag til fredag kl 14 vert det kino på museet. Me har funne fram eit knippe filmar som heile familien kan sjå i lag.

Filmane me viser er:
Måndag: Troll - kongens hale
Tysdag: Paddington
Onsdag: Gubben og Katten - glemligheter
Torsdag: Knerten og sjøormen
Fredag: Karsten og Petra blir bestevenner