Koseleg haustferie på museet

Haustferien står for døra og vi har ope tysdag-torsdag. Det er ulike aktivitetar kvar dag, og lunsj og heimebakst i kafeen. Utstillinga er sjølvsagt open.

Haustkos på museet

Tysdag i haustferien er kinodag. Vi syner filmen "Natt på museet" (aldersgrense 7 år) kl 10 og kl 12. I kafeen kan du kjøpe deg noko godt å bita i før eller etter filmen. 

Onsdag har vi ope i smia, kom og prøv deg ved ambolten. 

Padlerebus med Laila og Johnny

Torsdag vert det padlerebus med Laila og Johnny. Det er avgrgensa med plass på kanopadlinga, så her krev me eigen påmelding. Les meir om tilbodet her.

Velkommen til liten og stor

Inngang på museet er gratis for born til og med 16 år, dei vaksne betaler vanleg museumsbillett. Kafeen og museumsbutikken er open alle dei tre dagane.

Merk at padletilbodet har eigen pris og påmelding!