Kanotur for deg som går i 5, 6 eller 7 klasse

Onsdag og torsdag i haustferien kan du vere med å padle kano på Kystmuseet. Det blir rebus, varm lunsj og dissekering av fisk - så dette blir kjekt.

Bindande påmelding med kva dag du vil vere med sendes: kystmuseet@museumvest.no 

Aktiviteten har ein deltakaravgift på 300 kr. som inkluderar alt av padleutstyr, varm lunsj og drikke, padling med sertifisert padleinstruktør, og dissekering av fisk med Marianne fra Fiskeforskarskulen. Betaling ved ankomst, kort eller kontant.  

Ta med: Ha på deg varme klede, ha med regnbukse og regnjakke, hue, støvlar, ekstra par sokkar og ekstra genser.

Velkommen!