Det vert ulike aktivitetar kvar dag som passar for heile familien.
Det vert gratis inngang på museet desse dagane.
Open kafe og museumsbutikk.
9. – 16. oktober er det gratis inngang og RIB-turer for alle!
Husk at barn under 13 år må ha følge med ein vaksen. RIB-tur har aldersgrense på 5 år.
Sundag 9. oktober, kl. 12 – 17, Sjå utstillingane, tell påhengsmotorar, kos deke i kafeen med noko godt å eta, eller lån tegnesaker og spill.
Tysdag 11. oktober, kl. 10 – 15, Ope i smia, og RIB-turar til oppdrettet kvar halve time frå 10.00-12.30
Onsdag 12. oktober, kl. 10 – 15, RIB-Tur til oppdrettet kvar halve time frå 10.00-12.30
Torsdag 13. oktober, kl. 10 – 15, Teikneverkstad og kl. 14.00 høgtlesing frå boka "Petrine og storekrabben" ved forfattaren sjølv Siv-Iren Larsen.
Sundag 16. oktober, kl. 12 – 17, Sjå utstillingane, tell påhengsmotorar, kos deke i kafeen med noko godt å eta, eller lån tegnesaker og spill.
I kafeen kan du ta ein pust i bakken. Kjøp ein god kopp kaffi og nysteikte ausekaker (lappar). Er veret fint har vi stor terrasse med ly for nordavinden.
I museumsbutikken finn du eit nøye utval av varer med tema som passar inn på museet. Kystkultur og livet ved havet står i sentrum også her, og du finn bøker, gåver og suvenirar til både liten og stor.