Juleverkstad og tenning av julegrana

Endeleg - vi er klare for juleverkstad på Kystmuseet i Øygarden.
Ta med deg familien til ei koseleg førjulsstund på museet.

Aktivitetar og open kafe

I Taremare (nybygget på kaien) er det klipp og lim, sying og andre handarbeidsaktivitetar, medan i smia kan du laga noko fint av tre. Me har ope i kafeen med sal av julegraut og anna godt og her vert det høve å pynte pepperkaker. 
PSST! Vi har mykje fint i museumsbutikken også 😉

Viktig informasjon!

For å sikra at alle som kjem har god plass og tid til kvar aktivitet vert det denne gongen to ulike tidspunkt å velje mellom, pass på at du tar rett tidspunkt når du kjøper billett: kl 12 eller kl 14.
Det er same pris for vaksne og born, 50 kr per person. Born under 2 år kommer inn gratis.
Billetten kan du sikre deg her.

Julegranstenning på kaien

Klokka 16 vert det tenning av julegrana på kaien, der kan alle som vil møte opp.

Velkomen til førjulskos på museet!