Kystmuseets juleverkstad - no også med marknad!

Tradisjonen tru vert det også i år juleverkstad på Kystmuseet. Det vert førjulskos i både hovedbygget og Taremare på kaien. Nytt i år er at vi har med ein handfull lokale utstillarar som kjem med eigenproduserte varer frå eigen gard. 

Endeleg er det advent, og me er igjen klare for Kystmuseets tradisjonsrike juleverkstad. Vi skal klippe og lime, lage kort og sy figurar. Lyslykter kan du også prøva deg på, elles er det vel berre fantasien som set grensar. Kafeen er sjølvsagt open og i butikken kan du finne flotte julegåver.

      


Nytt i år er at det også vert julemarknad med eit knippe lokale småskalaprodusentar som kan tilby herlege produkt frå eigen gard. Det vert mellom anna honning, kransar, lys, kremar og mykje meir. Utstillarane du vil møte er: Pollineringshagen, Midtgarden, Kysthagen og Trengereidgarden...vil du smugkikka finn du dei på Instagram 😉
På slutten av arrangementet samlast me på kaien for tenning av julegrana.

Velkommen!