Kokosbananas høgtlesing og familiedag

Gøyal høgtlesing frå den rykande ferske boka "Den store boka om Kokosbananas" med forfattaren sjølv Rolf Magne Golten Andersen. Kanskje kjenner du Kokosbanans allereie? Han er ein heilsprø liten oppfinnar som bur i den vetle bygda Nøttvik med familien sin; Mamma Banana, Pappa Kokos og lillesøster Baby Koko. I tillegg til høgtlesing vert det teikneverkstad og kino, for dei som vil. 

Kokosbananas - kjenner du han?

Rolf Magne GOlten Andersen er mannen bak Kokosbananas. Det er også han som har alle stemmane i dei populære lydbøkene om Kokosbanans på Storytel og NRK. Når han no kjem til Kystmuseet for å lese den heilt nye boka om Kokosbananas så kan me love ei kjekk stund for liten og stor. Forfattaren les høgt og treng hjelp ifrå borna til å lage lydeffekter slik at me saman kan få til ei skikkeleg gøyal opplesing.

Teikneverkstad og kino

I tillegg til høglesinga kan du vere med på teikneverkstad og du kan se film i kinosalen vår. Me viser filmen Tigre og Tatoveringer kl 14 og kl ca 15.45 (når opplesinga er ferdig). Siden det er avgrensa plass i kinosalen gjer me det slik. Kafeen er open før og etter høgtlesinga.

Kinofilm: Tigre og Tatoveringer

Kinofilmen denne laurdagen er om Mai som er 5 år. Ho bur i alg med den barske tatovøren Sonny. Mai lengtar etter ein "vanleg" familie med mor, far, bror og eit lite kjæledyr, men ein "vanleg" familie veks ikkje på trær. 

Sin dag kjem ein diger småskummel motrosykkelfyr innom og skal ha tatovering på ryggen. Fyren sovnar medan Sonny tatoverar han, og då tar Sonny sjansen på å lure seg unna for å sjå fotball på tv. Mai bestemmer seg for å hjelpa han litt, og tatoverar barneteikningar på ryggen til motorsykkelfyren. Når Sonny oppdagar dette får han panikk og dei må flykte frå byen. Under flukten, som er den reinaste roadmovien, møter Mai både alver, troll og ein sirkusfamilie med ein tiger. 

Program for dagen

14.00: Dørene opnar. 
Kafeen er open, det vert teikneverkstad og kinofilm.

15.00: Opplesing Kokosbananas

ca. 15.45: Me fortset med teikneverkstad og kinofilm.

ca 16.30: Slutt

Billettar til familiedagen kostar 50 kr per person. Merk at det er avgrensa med plass, så me anbefalar å sikre billettar på førehand.
Om du berre vil komme til høglesinga, eller om du vil få med deg heile programmet bestemmer du sjølv 😊

Billettar kjøpar du her.