Konsert: Atle Oen med band

Laurdag 27.august vert det musikk og god stemning i Taremare. Atle Oen med band står på scena og spelar musikk i amercanasjangeren, der både bluegrass, folk og countryrock står på menyen.

Oen i One!

Oen har fått musikken sin spelt på NRK og har gjort konsertar på Malakoff live laga, Luttfest, Fjordblues, Gymmen americanafestival og Stryn visefestival. No tek han med seg bandet sitt frå Nordfjord og gjer comeback! Hjarteleg velkommen til ein god time med topp stemning og variert americana på kystmuseet!

Litt praktisk

Konserten vert i «Taremare», med sitjeplassar. Billettane kostar 250 kr og er i sal her.

Konserten varar om lag ein time. Enkel servering i Taremare. Sal av vinyl og cd.