Konsert med VAMP

Endeleg kan me ha storkonsert i Ovågen igjen. Kven passar då betre enn VAMP til å glede oss med sitt sterke repertoar. Sett av fredag 12.august til eit herleg gjensyn med bandet og deira rike katalog av musikalske godbitar.

Vamp i Ovågen – ein tradisjon?

Det er ikkje første gang VAMP spelar på Kystmuseet, og vert nok ikkje siste heller. Våre musikalske vener kjem no for fjerde gang og me gler oss stort til gjenhøyr med gamle og nye hits. Sikre deg din billett i dag ved å trykkje her.

Litt praktisk informasjon

Konserten vert utandørs i amfiet ved museet. Det er lurt å ta kle seg godt, og ta med seg eit sitjeunderlag eller liknande. Kafeen er open før og under konserten, og der vert det sal av forfriskingar, litt å bite i, samt øl og vin. Parkering vert på parkeringsplassen langs hovudvegen, og det er ikkje høve å parkere nede ved museet.